Lærlingar kan ta delar av læretida i Europa, og Erasmus+ utveksling er godkjent som ein del av læretida. Opphaldet blir finansiert gjennom EUs utdanningsprogram Erasmus+. Det er fleire prosjekt rundt i Europa som lærlingar kan søke om å delta gjennom.
OMTM har inngått ein samarbeid med Møre og Romsdal Fylkeskommune der vi skal ha koordinatoransvaret for prosjektet i Cork i Irland. I løpet av våren har vi ved opplæringskontoret hatt gleda av å få følgje lærlingar som skal ha ein del av læretida si i nettopp. Der har dei jobba med faget sitt på ein litt annaleis måte enn heime, og få nye impulsar gjennom både fag, folk og kultur. Dei bur på studenthyblar saman med andre unge, blir kjent med både studentar og kollegaer, og mange kjem heim med auka sjøltillit og motivasjon. Det er lærlingar i mange forskjellige fag frå fleire bedrifter i Møre og Romsdal som reiser samtidig.
Det er også ei glimrande anledning til å bli kjent med eit anna land, arbeidskulturen og nærområdet. Irane er kjent for si gjestmildheit og openheit, noko vi verkeleg fekk oppleve då vi var der! Vi fekk vite at vi skulle ikkje blir skremt dersom nokon framande snakka med oss på bussen, dei var berre interessert i kven vi er! Dette er jo uvant for oss nordmenn som kanskje set veska ved sidan av oss på bussen! 🙂
Vi fekk oppleve pubkulturen med levande irsk musikk, irsk vinter- og vårvér, blømande slottshagar, engasjerte bedriftsleiarar som tok godt imot lærlingane og ikkje minst det gode samarbeidet med Partnership International. Dei held til i Cork, og er nært tilstades for dei som skal vere i Cork i nokre veker. Dei ordnar hyblar, arbeidsplassar, guida turar og andre ting som det måtte vere behov for.
Vi gler oss verkeleg til å få vere med på dette programmet! Og vi håper at mange vil reise og få denne opplevinga!
Les meir om Erasmus+ i Møre og Romsdal her!










