For 29. gongen på rad kunne vi igjen samle lærlingar, faglege leiarar, lærarar, elevar og fagbrevmottakarar til lærlingtreff i Geiranger.
Denne gongen var ansvar for eiga læring tema, og alle innleiarane tok dette med i sine innlegg på kvar sin gode måte. Over 50 deltakarar fekk god innføring i korleis ta ansvar for eiga læring, på fleire måtar.
Fredag starta med informasjon frå fylket og med historie frå Ruben og Sebastian som har vore 6 veker på utveksling i Cork gjennom Erasmus+. Vi håper at dette kunne inspirere til at fleire vil reise og oppleve ein annan arbeidskultur når anledninga byr seg neste gong.

Fredag var Jonas Melseth først ut, med innlegget «Ein alvorsprat». Det å «stå litt i det» og møte på jobb var hans viktigaste bodskap i tillegg til vanar og uvanar, rettar og plikter ein har på arbeidsplassen.

Som vanleg deler vi lærlingar og faglege leiarar ein del av dagen, der vi kan ta for oss litt meir aktuelle tema for desse to gruppene. Lærlingane hadde besøk av Kent Logan Hjelle, som hadde ein bolk om rettar og plikter og det organiserte arbeidslivet. André Tranvåg tok for seg Yrkesfagleg fordjuping saman med dei faglege leiarane. Engasjementet spesielt i sistnemnte gruppe var svært stort, og her kunne vi nok fyllt begge dagar kun med dette temaet. Korleis kan vi arbeide vidare med dette temaet, slik vi kan gjere overgangen mellom skule og læretid endå betre?


Anders Hellebostad kunne så fortelle om sin veg frå lærling til ingeniør. Anders har vore lærling gjennom oss tidlegare, fagleg leiar og no ingeniør hos Optimar på Stranda.

Kurt Sørgård fekk jobben med å kome med eit inspirasjonsinnlegg før vi avslutta for dagen. Og der treng ein ikkje be to gongar om inspirasjon. Her gjekk det på innpust og utpust, og målet om inspirasjon blei nådd! Gjennom si historie «Den litt meir kronglete vegen å gå» viste han oss at målet er ikkje nødvendigvis rett framfor oss, men vegen blir til medan ein går.

Tradisjon tru må vi også leike litt, då brytast isen og vi blir kjent med kvarandre på ein annan måte enn på arbeidsplassen. Denne gongen var det ballongleik og lakris i snøret på plakaten. I tillegg hadde vi den vanlege uteaktiviteten med postar og oppgåver rundt omkring i Geiranger.



Høgdepunktet på samlinga er fredag kveld, då heidrar vi dei som har blitt fagarbeidarar siste året i tillegg til at vi kårer årets lærling. Det er ein flott gjeng vi er stolte av å fått følge fram til bestått fagprøve! Vi gratulerer og ønsker alle saman lukke til vidare!


I tillegg har vi nokre som ikkje hadde anledning til å møte, men som vi sjølvsagt også vil gratulere som fagarbeidar: Isak Skram (automatiseringsfaget, Ekornes) Emil Bonesmo Barmen (industrimekanikar, Ekornes) Ingrid Tafjord (Logistikk, Ekornes), Simon Midtgård (industrimekanikar, Ekornes) og Leon Holzhey (automatisering, Ekornes)
Foto: Nicolai Karlsen, Karlsen media